NPK: I ein kommande rapport frå NVE er delar av Gjølmunna i Loen definert som kvikkleiresone. Det var òg årsaka til at fjordstasjonen til Loen Skylift måtte flyttast i 2014.
– Fjordstasjonen til Loen Skylift skulle etter planen stå på fylling ute i fjorden, seier dagleg leiar ved Loen Skylift, Rickard Grov til .
Avisa har sett på den komande kvikkleirerapporten frå NVE over området Gjølmunna, og har presentert rapporten for Grov. Rapporten fortel at delar av Gjølmunna i Loen er definert som kvikkleiresone. Men sikring er for lengst på plass, skriv Fjordingen.
Grov hugsar da kvikkleire heldt på å stogge Skylift-prosjektet i 2014. Da måtte dei flytte fjordstasjonen nordover på andre sida av fylkesvegen, noko som gav store utfordringar.
– Det var ein av dei svartaste dagane mine under bygging av Loen Skylift. At vi klarte å kome i mål med så stor korrigering av dette prosjektet var fantastisk, seier han til avisa.
Han fortel at det òg er årsaka til at fjordstasjonen står der den står i dag og gjer Loen Skylift til ei av verdas brattaste gondolbanar.

(©NPK)
Publisert: 22.01.2021 11:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23