– Trepartsavtalen er basisen for dei bilaterale avtalane og det er viktig at vi er samde om totalkvotar for fellesbestandane i Nordsjøen. Totalkvotar og fordeling av desse er avgjerande for ei berekraftig forvaltning. Eg er glad for at dette no er på plass, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
I tillegg til denne avtalen forhandlar Noreg om kvotebyte og sonetilgang med EU.
Kvotane varierer. Nokon har auka, medan andre er reduserte frå i fjor. Seikvoten har auka med 18,7 % og er på 53 374 tonn, og den norske kvoten er på 27 755 tonn. Kvoten på nordsjøsild vart på 396 556 tonn og her er den norske kvoten på 115 001 tonn.
Torskekvoten vart sett til 21 652 tonn, der den norske kvoten er på 3 681 tonn før avsetningar. Torskekvoten er i samsvar med rådet frå ICES, og inneber ein auke frå eit rekordlågt nivå i 2022.
– Auken i torskekvoten er godt nytt for norske fiskarar, seier statsråden.
I tillegg til dei stengde gytefelta som skal førast vidare av partane i starten av året i 2023, vil Noreg også i 2023 vurdere å stengje felt i norsk sone for å verne småtorsk seinare neste år, som ledd i å halde fram gjenoppbygginga av torskebestanden.
Partane vart samde om å sende ein felles førespurnad til ICES om ny forvaltningsplan for sild. I tillegg skal det setjast ned ei gruppe som skal samarbeide og forvaltningsplanar for kvitfisk i Nordsjøen.
Publisert: 09.12.2022 21:03
Sist oppdatert: 09.12.2022 21:04