Kort fortalt

Kvotemeldinga blir utsett

Koronaviruset fører til endringar.

23.03.2020
NPK-NTB: Stortingets næringskomité har utsett innstillinga til kvotemeldinga til 2. april.
Opphavleg skulle innstillinga kome tysdag, men koronaviruset sørgjer for endringar i planane. No er innstillinga utsett til 2. april, skriv .
Leiaren i næringskomiteen, Geir Pollestad (Sp), forklarer at det er situasjonen som koronapandemien har skapt for arbeidet i Stortingets næringskomité som er årsak til utsetjinga.
Komiteen og dei raudgrøne partia ønskte at utsetjinga vart lenger, men regjeringspartia og Framstegspartiet ønskjer å behandle saka så raskt som mogleg.
Helst skulle Pollestad sett at meldinga vart utsett til koronasituasjonen var meir avklart og Riksrevisjonen har gitt frå seg rapporten sin om fiskeriforvaltninga.

Publisert: 23.03.2020 11:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29