Kort fortalt

Kvoten for kongekrabbe aukar

Gjeld for områda aust i Finnmark. 

01.12.2020
For 2021 er totalkvoten for hannkrabbar sett til 1810 tonn. Det er ein auke på 280 tonn frå 2020.
– Vi skattlegg framleis kongekrabben på eit høgt nivå innanfor berekraftige rammer. Dette er i tråd med forvaltningsmålet om å avgrense spreiing av kongekrabbe samstundes som vi skal ha lønnsam fangst, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.
For hokrabbar er kvoten fastsett til 120 tonn. Dette er det same nivået som i 2020. Minstemålet på 130 millimeter skallengde for både hannkrabbar og hokrabbar blir vidareført.
Kvotane gjeld for det regulerte området 26 grader aust i Finnmark.
(©NPK)

Publisert: 01.12.2020 12:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24