NPK-NTB: Ein skipper på ein fiskebåt må betale 38.000 kroner i bot etter at ein inspektør frå Kystvakta vart skadd på grunn av ein dårleg taustige om bord.
Hendinga skjedde under ein inspeksjon i januar i 2018. Inspektøren skulle ta seg om bord, men taua på losleideren rauk og inspektøren fall i sjøen. Leideren rauk med det same inspektøren sette ein fot på han. Han fall ned i båten og ut i sjøen, skriv .
Inspektøren forklarte i Nord-Troms tingrett at han vart kraftig skadd i fallet. Han har vore sjukmeld i periodar etter ulykka.
Fiskebåtar over 15 meter er pålagt å ha leider i forsvarleg stand og klar til bruk. Skipperen forklarte i retten at han ikkje hadde kontrollert taustigen og ikkje hadde planar om å gjere det.
Retten meiner skipperen derfor hadde skuld i hendinga og at han handla aktlaust. Han vart idømd ei bot på 38.000 kroner og 2.000 kroner i sakskostnader.

Publisert: 25.02.2020 09:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30