Kort fortalt

Kystverket kuttar i beredskapskontora

To tilsette forsvinn frå Ålesund. 

Marius Rosbach
24.11.2020
(NPK): Kystverket sitt beredskapssenter mot akutt forureining har hovudkontor i Horten. I tillegg har dei fire mindre kontor i Bergen, Ålesund, Tromsø og Kabelvåg. No skal berre kontoret i Tromsø halde fram drifta, fortel NRK.
Ved kvart av dei fire beredskapskontora er det i dag to nøkkelpersonar med ansvar for logistikk og samordning av beredskapen både før, under og etter akutt forureining på sjøen.
Men i samband med omorganisering av Kystverket, blir tre beredskapskontor stengde og nøkkelstillingane blir flytta til Horten.
– Dette vil vere ei kvalitetsmessig like god ordning. Vi kan gjere nokre justeringar utan at vi trur det vil ha betydning for beredskapskapasiteten, seier direktøren for Kystverket, Einar Vik Arset, til NRK.
Arset understrekar at nærleik til kysten er viktig, og han meiner dette blir varetatt også etter omorganiseringa. Dei lokale depota med beredskapsutstyr skal bestå, sjølv om avdelingar blir nedlagde.
Fleire fagfolk er usikre på kva endringane vil føre til i praksis.
Den tidlegare leiaren av Kystverket sitt kontor i Bergen, Arvid Kråkenes, er ikkje i tvil om kva omorganiseringa vil føre til.
– Eg er sterk motstandar av at dei legg ned i Bergen. Det er jo her det er størst fare for ulukker. Eg synest det er rart at politikarane ikkje har vakna for lengst, seier Kråkenes.
(©NPK)

Publisert: 24.11.2020 10:59

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:47