Lågaste bustadsalet på åtte år
Nedgang i første kvartal, viser ferske SSB-tal.
(NPK-NTB): Det vart selt 22.400 bustader i første kvartal i år. Det er ein nedgang på 13 prosent samanlikna med same kvartal året før.
I alt 16.300 sjølveigarbustader vart selde dei tre første månadene i år. Det svarer til ein nedgang på 16 prosent frå same kvartal i fjor, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
Dette er det lågaste salet av sjølveigarbustader i første kvartal sidan 2016.
Det var nedgang alle fylke. Størst nedgang hadde Nordland, Trøndelag og Agder, medan nedgangen var minst i Innlandet.
For bustader i burettslag var nedgangen på 7 prosent. Oslo hadde ein auke på 12 prosent frå første kvartal 2023.
– Agder, Vestland og Innlandet var omtrent på same nivå, medan dei andre fylka hadde ein nedgang, skriv SSB.
Les også
Gjennomsnittsprisen for ein sjølveigarbustad var 4,9 millionar kroner. For bustader i burettslag var kjøpesummen i snitt 3,1 millionar kroner.
Det var ein liten nedgang i hyttesalet. 1750 fritidsbustader vart selde i første kvartal, ned 3 prosent frå same kvartal i 2023. Gjennomsnittsprisen var 3 millionar kroner.
(©NTB)
Publisert: 30.04.2024 10:11
Sist oppdatert: 30.04.2024 10:11