NPK-NTB: Oppdrettslaks som sym i høgare vassfart, veks raskare, viser ny forsking. For oppdrettarar kan vektauken bety økonomisk gevinst.
Forskarar ved Nord universitet og Veterinærinstituttet har undersøkt korleis auka motstand i vatnet påverkar veksten hos laks. Funn tyder på at laksen veks raskare når han sym i auka vassfart.
Forskar Marit Bjørnevik ved Nord universitetet opplyser til at laks som i utgangspunktet veg mellom eitt og tre kilo, veg over to hekto meir etter fem månader i merdar med høgare vassfart. Dette utgjer ein vektauke på 8 prosent.
– Det er ikkje uvanleg med 200.000 laks i ein merd. For den største fisken vi testa, kunne vektauken utgjort om lag 1 til 2 millionar kroner i høgare omsetning viss vi tar utgangspunkt i gjennomsnittet av lakseprisen, anslår Bjørnevik.
Ifølgje Bjørnevik blir det kravd ein del utstyr for å auke vassfarten i merdar, men det er likevel stor meirverdi å hente for oppdrettaren.

Publisert: 29.01.2020 05:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30