Kort fortalt

Lakseeksporten til Kina stuper

Koronafall på 90 prosent.

28.02.2020
NPK: Etter at koronaviruset braut ut i år, har eksporten av fersk laks frå Noreg til Kina gått ned med 90 prosent samanlikna med same periode i fjor.
– Det er ein alvorleg situasjon, seier analytikar Paul Aandahl i Sjømatrådet til .
Eksporten av norsk sjømat til Kina auka i fjor med 1,5 milliardar kroner, til ein total eksportverdi på 5,2 milliardar kroner, skriv avisa. Veksten var på 40 prosent, og var venta å halde fram også i år. No har utbrotet av koronaviruset sett ein stoppar for store delar av eksporten.
Oppdrettarane har likevel fram til no ikkje tapt inntekt på grunn av dette fordi det har vore stor etterspurnad etter laks i andre marknader og lite slakteklar laks i Noreg. Laksen er også seld til langt høgare prisar enn i fjor.

Publisert: 28.02.2020 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30