(NPK-NTB): Lakselus og rømt fisk utgjer framleis dei største miljøutfordringane ved oppdrett.
Det er hovudkonklusjonen i ei oppdatert risikovurdering som Havforskingsinstituttet har gjort av norsk fiskeoppdrett. Vurderinga inkluderer ny kunnskap og nye data.
– Funna stadfestar det som er sagt før: Lakselus og rømt oppdrettsfisk utgjer framleis dei største risikofaktorane, og dermed problema, ved oppdrett, seier forskingsgruppeleiar Bjørn Olav Kvamme ved Havforskingsinstituttet til NTB.
Særleg sjøauren risikerer ein stor påverknad av lakselus. Ein stor del av bestandane av sjøaure og -røye var moderat til høgt påverka av lakselus i 2015, men også villaksen er påverka i nokre område med mykje oppdrett.
Havforskingsinstituttet har rekna ut detaljert smittepress for heile landet frå våren til tidleg haust, og utover sommaren aukar smittepresset betydeleg langs heile norskekysten. Når og i kva grad dette slår inn, avheng mykje av temperaturen i vatnet og vêrforhold. (©NPK)

Publisert: 26.04.2016 10:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46