Kort fortalt

Laksen får mindre medisin

Meir mekanisk behandling.

25.01.2017
(NPK): Legemiddelbruken i oppdrettsnæringa går ned og det blir stadig vanlegare med mekanisk behandling i kampen mot lakselusa, ifølgje Mattilsynet.
Lakselusnivået i oppdrettsanlegga på landsbasis var i haust i snitt lågare enn tidlegare år. Samtidig er lusepresset på vill laksefisk høgt langs store delar av Vestlandet og i delar av Midt-Noreg, viser overvakinga til Mattilsynet. Talet på hydrogenperoksidbehandlingar har gått kraftig ned sidan 2015, i fjor blei mengda innmelde hydrogenperoksidbehandlingar halvert.
– Det er positivt, men det er for tidleg å seie kva dette inneber når det gjeld totalforbruket av lakselusmiddel. Oppdaterte tal på bruken av lakselusmiddel kjem i mars, seier seksjonssjef i Mattilsynet Friede Andersen.
Legemiddelbehandlingane er erstatta av ulike ikkje-medikamentelle behandlingar. Til no er det registrert 1100 mekaniske behandlingar, noko som er nesten fem gonger fleire enn i 2015. Mattilsynet meiner overgangen i behandlingsmetode i stor grad kjem av utbreidd resistens mot lakselusmidla.
Mekanisk behandling er fjerning av lakselus på fisken utan bruk av legemiddel. Metodane går mellom anna ut på å spyle lusene av fisken med ein vass-stråle eller å skyte lusene med laser.
Gjentekne mekaniske behandlingar kan på sikt ha negative konsekvensar for fiskevelferden, då mange fisk lir og døyr etter slik behandling, opplyser Mattilsynet.

Publisert: 25.01.2017 12:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42