(NPK): Oppdrettsselskapet Hiddenfjord på Færøyane har begynt å frakta all laksen dei eksporterer, med skip i staden for med fly.
Det fortel nettavisa som refererer til ei pressemelding frå selskapet.
Selskapet skal vera det første i bransjen til å slutta med flytransport av laks. Sjølv er administrerande direktør og eigar i selskapet, Atli Gregersen, overtydd om at avgjerda er rett.
– Viss vi skal vera eit verkeleg berekraftig selskap, må vi handla i samsvar med det, seier han.
Ifylgje Sintef vil omlegginga føra til at CO2-utsleppa frå utanlandsfrakta til selskapet går ned med 94 prosent.
Ei uavhengig undersøking i USA skal ha dokumentert at den nye fraktemåten med skip ikkje har gått ut over kvaliteten på laksen. No ventar selskapet at den nye fraktemåten deira skal trekkja til seg nye kundar som er opptekne av berekraft.
(©NPK)

Publisert: 20.11.2020 08:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24