Kort fortalt

Lang ventetid på vedomn

Må vente over eit halvt år.

NPK
01.11.2022

Høge straumprisar gjer at mange nordmenn ser etter alternative varmekjelder. Det fører til brennheit etterspurnad etter vedomnar.

– «Heile» Europa kjøper vedomnar og alternative varmekjelder for tida. Det er eit enormt etterslep i produksjon som kan forventast å vare ut neste år, kanskje også over i 2024.

Det seier dagleg leiar Anders Evensen ved Varmefag i Halden til NRK Oslo og Viken.

– Vi kan framleis levere ein del peisar og omnar innanfor akseptable tidsrammer, men dei mest populære modellane har leveringstider på 6 til 12 månader, seier Evensen.

Dei to siste åra har nær 340.000 nordmenn fått seg ny omn eller eldstad i heimen, viser Norsk Varmes siste landsomfattande undersøking.

Publisert: 01.11.2022 12:39

Sist oppdatert: 01.11.2022 12:41