Sulagondol toppstasjon skjermfoto 11
SULAGONDOL: Det er ikkje sikkert at punktum er sett i striden om reiselivsattraksjonen. Men det er også langt frå sikkert at den vil bli ein suksess. Skjermfoto frå presentasjon av Sulagondolen
Analyser

Sulagondolen - ei tapt moglegheit?

Flakk har framleis ein sjanse til å realisere reiselivsatsinga. Men kanskje skal han heller vere glad for å kunne skrinlegge prosjektet.

Marius Rosbach
29.06.2025

Denne veka kom svaret svært mange i Sula har venta på: Regjeringa seier nei til planane om å bygge ein gondolbane til toppen av Sulafjellet. 

Argumenta til departementet var at ei gondolbane i for stor grad er i strid med viktige natur, landskaps- og friluftsinteresser. 

Flakk Gruppen som står bak planane, kan ikkje klage på vedtaket. Men eitt alternativ står framleis att: Utbygger kan ta saka til retten fekk Nett No opplyst frå Kommunal- og distriktsdepartementet etter vedtaket. 

Knut Flakk ga uttrykk for at det var nytt for han – og at det var noko dei ikkje hadde vurdert. På spørsmål om kva tid dei vil gjere det, svarar Flakk at «det vil nok ta litt tid». 

Mange i Sula vil nok helst sett at det vart sett eit endeleg punktum.

Motstanden har vore stor mot det som kan bli den største reiselivsinvesteringa i regionen nokon gong. 

Det gjer at terskelen truleg er høg for Flakk Gruppen til å forfølge saka rettsleg. Om gondolen blir pressa fram gjennom eit rettsprosess, vil det truleg gjere utbyggjarane svært upopulære – iallfall i delar av lokalbefolkninga. 

I debatten etterpå har fleire peika på at eit stort fleirtal av lokalpolitikarane i Sula sa ja til gondolplanane. Dei opplever departementet si avgjerd som ei overkøyring av lokaldemokratiet. 

For sjølv gondolmotstanden har vore stor, har mange også heia på prosjektet. Dei har meint at reiselivssatsinga kunne gitt nye arbeidsplassar og etterlengta aktivitet i Langevåg. No blir truleg konsekvensen det motsette – med nedbygging av Devoldfabrikken.

At innbyggjarane i Sula vil ha meir liv og røre i Langevåg er høgst forståeleg. Og når ein ser på suksessen til Loen Skylift i Stryn og Romsdalsgondolen i Rauma, er det naturleg at ein kan sjå føre seg noko liknande i Sula. 

Reiselivsattraksjonane i Loen og Romsdalen er godt besøkt og går med solide overskot. Problemet er at det er vesentlege skilnader.

Loen Skylift kosta kring 330 millionar då den opna våren 2017 og har vore ein «pengemaskin» frå starten. I fjor sette Stryn-gondolen ny rekord med 185.000 besøkande. 

Romsdalsgondolen hadde ein prislapp på nær 300 millionar då dei opna i 2021. Den siste rekneskapen for 2023 viser eit solid overskot med ein resultatmargin på 26 prosent. I 2024 fekk dei ny besøksrekord med 105.000 besøkande.

Prislappen for å bygge Sulagondolen er vesentleg høgare.

Då Flakk første gong presenterte planane mot slutten av 2020, var utbygginga anslått å koste 400 millionar kroner. I fjor hadde prislappen auka til ein plass mellom 700 og 900 millionar kroner

Dei var likevel trygge på at satsinga skulle løne seg. 

– Når vi reknar på omsetning, driftskostnader og kapitalbehovet, så er vi veldig trygge på investeringsnivået, sa Terje Devold til Nett No i fjor

Han har vore prosjektleiar for planane og fortalde samtidig at målet for Sula-gondolen var 150.000 besøkande årleg. 

At utbyggjarane har trua på eiga satsing og er villige til å ta risiko med eigne pengar, kan ein knappast klandre dei for. 

Det er likevel grunn til å minne om at dei 150.000 besøkande ikkje finst i Langevåg i dag. Det er ein vesentleg skilnad frå situasjonen i Stryn og Rauma. 

Då Loen Skylift opna, kom det årleg kring 100 cruiseskip inn fjorden. Stryn-bygdene Olden og Loen var etablerte turistdestinasjonar med populære attraksjonar som Briksdalsbreen og Lodalen i nærleiken. Gondolbana låg i kort avstand for cruisepassasjerane – som på seglasen kunne sjå opp til toppen av gondolbana på 1000 meters høgde. 

Det høyrer med til suksesshistoria at eitt av regionens største og mest lønnsame hotell, ligg eit steinkast frå botnstasjonen i Loen-bygda.

Richard Grov som er eigar av Hotel Alexandra - og har vore primus motor for Loen Skylift - har heile tida vore tydeleg på at gondolen berre er éin del av satsinga deira.  Via Ferrata som gir moglegheita til å klatre trygt i det stupbratte Hoven-fjellet, er blitt eit populært tilbod. Det gir også gode inntekter til aktivitetsselskapet i konsernet. Grov-familien har óg laga til populære turvegar på toppen, samtidig som fjellet er blitt eit samlingspunkt for luftsportsmiljøet.

Også Romsdalsgondolen på Åndalsnes hadde eit allereie solid besøk å bygge på.

Kring 50 cruiseskip kjem årleg til tettstaden og legg til i gangavstand frå gondolbana. Frå kaia kan dei besøkande sjå gondolvognene gå til toppen av Nesaksla-fjellet . Romsdalsgondolen dreg også besøkande med nærleik til turistattraksjonar som Trollveggen og Trollstigen, og at ein av regionens mest trafikkerte vegar går rett forbi. 

For ein gondolbane i Sula vil situasjonen vere annleis. 

Sjølv om Devoldfabrikken er ei prisverdig satsing, har den ikkje klart å utvikle seg til ein destinasjon som trekk mange besøkande til Langevåg. Det er heller ikkje nokon andre attraksjonar i nærleiken som trekk folk til bygda. 

At Sulagondolen i seg sjølv vil vere ein attraksjon vil sjølvsagt gi ein del besøkande. Men utbyggjarane vil vere avhengige av å kapre ein del av turistane som kjem til Ålesund. Planen har vore å utvikle eit båttilbod som kan frakte dei over til Langevåg.

I 2024 kom over 600.000 cruiseturistar til Ålesund. I tillegg er byen blitt ein meir populær destinasjon for andre reisande frå inn- og utland. Potensialet er med andre ord stort. 

Men sjølv om det kjem mange turistar til Ålesund, kan det by på utfordringar å lokke dei over fjorden til Langevåg. 

Ei gondolbane til Rundehornet i Sula vil ikkje vere eit «blikkfang» for dei besøkande som kjem med cruiseskipa. Dei fleste vil i staden vende blikket mot jugendbyen og byfjellet. 

Og sjølv om det høgaste punktet på byfjellet Aksla ikkje er høgare enn knappe 200 meter, kan den bli ein arg konkurrent for ein Sulagondol. Turar til Fjellstova er allereie mellom dei største attraksjonane i Ålesund – og om det kjem ein heis som kan frakta turistane tørrskodd opp til toppen – kan den bli meir populær.

Samtidig vil det gjere terskelen større for dei besøkande til å legge turen over fjorden til ein gondol i Sula.

Det er óg andre skilnader mellom Sulagondolen og banene i Loen og Åndalsnes. 

Sjølve konstruksjonen er meir komplisert for Sula-prosjektet, enn for dei andre. Gondolen frå Devoldfabrikken er planlagd å gå via ein midtstasjon på veg mot toppen, medan dei to andre går mellom berre to punkt. Det vil gjere drifta meir krevjande med større behov for vedlikehald. 

I tillegg kjem veret. Loen og Åndalsnes ligg inst i kvar sin fjord, medan Sulafjellet ligg meir utsett til for «ruskever» ut mot kysten. Underteikna har ikkje oversikt over kor mange dagar Sulafjellet ligg innhylla i tåke – men tør vedde på at det er betydeleg fleire enn hos dei etablerte konkurrentane. 

I sum gjer det at ei gondolbane i Sula har så mange usikre faktorar, at Flakk kanskje heller skal vere glad for at han no kan legge heile investeringa i skuffen.

Meir om saka under:

Publisert: 29.06.2025 05:00

Sist oppdatert: 28.06.2025 17:22

Mer om