Kort fortalt

Lanserer trådlaus ladeløysing

Flere melder seg på konkurransen om å sette standard for lading av båtar.

20.04.2018
Ferja som går mellom øyane Huglo, Tysnes og Stord får trådlaus lading.
Anlegget er allereie på plass og har vore i drift i eit par dagar. Teknologien er utvikla gjennom eit samarbeid mellom Wärtsilä, Apply TB, Cavotec, Fjellstrand og Haugaland Kraft,
Det har fungert kjempefint så langt, seier prosjektleiar Frode Jenset i Wärtsilä.
Ein av fordelane med trådlaus lading er at ein slepp vedlikehaldet som trengs ved tradisjonell lading med kablar.
– På dette ferjesambandet er det rundt 30 anløp kvar dag. Grovt rekna snakkar me då 10.000 pluggingar i året. Ein vanleg ladeplugg held kanskje 2000 gonger før ein må reparere eller skifte ut delar, seier Jensen til avisa.
Også to selskap på Nordvestlandet, Acel og Sevi Blue Power, arbeider med ladeløysingar i konkurransen med blant anna løysinga som partnarane på Stord har lansert.


Publisert: 20.04.2018 11:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41