Kort fortalt

Lastebilar på tomgang

Utan last på 25 prosent av strekninga.

27.04.2016
(NPK): Norske lastebilar transporterte i 2015 284 millionar tonn på norske og utanlandske vegar. Men om lag éin firedel av avstanden køyrde bilane utan last.
Dei norskregistrerte lastebilane frakta om lag 279 millionar tonn gods i Noreg i 2015, og om lag 4,7 millionar tonn utanlands, viser statistikk frå .
Det er ein nedgang på høvesvis 3,4 og 6 prosent frå året før. Bilane køyrde 2 milliardar kilometer i Noreg i fjor, og 169 millionar kilometer utanlands.
Men éin firedel av den avstanden var tomkøyring, altså køyring utan last.Frakt av grus utgjorde 59 prosent av all lastebiltransport i fjor, men målt i tonnkilometer utgjorde det berre 24,6 prosent. Det vil seia at grustransporten i stor grad er lokal.

Publisert: 27.04.2016 13:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46