Ørland 2
NORLED: Ørland har gått på grunn vest for ferjeleiet på Lauvstad. Kartskisse: Marine Traffic
Kort fortalt

Lauvstad-ferja på grunn

Har gått på grunn ved Lauvstad.

02.05.2023

Norled opplyser at ferja MF Ørland rundt klokka 10.30 tysdag har gått på grunn. Ferja går i rute mellom Volda - Lauvstad.

Det er 12 passasjerar om bord og fire mannskap.

Det er ikkje rapportert personskader. Norled opplyser at det vert jobba med å få passasjerar i land og sikre fartøyet, som ligg godt oppå ei landtunge.

Har sett inn reserveferje
Norled, selskapet som driftar strekninga, skriv på nettsida si at ei reserveferje er sett inn i sambandet.

Assisterande ferjesjef i Norled, Thomas Pedersen, seier til NRK at dei håpte ferja kunne dragast ut i løpet av tysdag ettermiddag. Det blir ikkje flo i området igjen før i 22.30-tida.

Vil avhøyre vitne
Ørland-ferja er frå 2006, er 56 meter lang, og kan ta 190 passasjerar og 50 bilar.

Politiet er på staden og har byrja å etterforske. Dei ønskjer også å avhøyre vitne.

– Vi jobbar for å finne årsaka til uhellet. Det er for tidleg å seie noko om det kjem av mekanisk eller menneskeleg feil, seier operasjonsleiar Jens Dahl i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

– Vi stod i fjøra
Ein ferjepassasjer som NRK har snakka med, fortel at han sat og las på mobilen då ferja byrja å bevege seg uvant. Passasjeren gjekk ut av bilen og opp for å sjå, og då vart det klart at ferja stod på land, eit stykke unna kaia.

Han fortel at mannskapet etter ei lita stund kom rundt til alle passasjerane.

– Dei banka på alle bilane og sa at vi stod i fjøra, men det er ikkje hol, og vi tek ikkje inn vatn. No skal dei prøve å rygge av, fortel passasjeren.

Publisert: 02.05.2023 09:04

Sist oppdatert: 03.05.2023 00:00