Langtidskontrakten for vindskipet Olympic Notos med Aker BP har ein opsjon på ytterlegare fem år, slik at fartøyet kan kome til å arbeide for Aker BP i 10 år i den kontrakten Olympic offentleggjer måndag.
– Denne kontrakten løftar vår totale ordrereserve innan olje og gass samt fornybar energi til over 5 milliardar kroner, seier administrerande direktør Stig Remøy i Olympic i ei pressemelding.
Kontrakten gjeld frå 2026.
Skipet skal brukast som walk-to-work (W2W)-fartøy for Aker BP si ubemanna produksjonsplattform Munin i Yggdrasil-området. I tillegg skal det støtte Valhall PWP-Fenris-prosjektet i ein periode i 2026, under oppkoblingsfasen av den ubemanna Fenris-installasjonen. Avtalen markerer ein viktig milepæl for selskapet, og styrkar vår langsiktige satsing på sikre, effektive og berekraftige offshoreoperasjonar på norsk sokkel, skriv Olympic i pressemeldinga.

Andre av to nybygg
Olympic Notos vart levert frå Ulstein Verft i fjor og er det andre av to fartøy Olympic bestilte av verftet i 2022, med levering i 2024.
Olympic Notos og søsterskipet Olympic Boreas er begge bygd for å kunne arbeide både for vindkraft- og oljebransjen. Olympic Boreas er per i dag i oppdrag for vindkraftanlegg i Tyskland og skal seinare i år til dansk sokkel.
Langsiktige kontraktar
Under overlevereringa og dåpen av Olympic Notos i november i fjor sa Stig Remøy at båten skulle ut i eit oppdrag for vindkraftselskapet Ørsted. Deretter kan det vere aktuelt med lengre jobbar, sa han til Nett No.
Olympic-eigaren var nøgd med betalinga skipa fekk om dagen: – Marknaden har stabilisert seg på eit godt nivå, sa han i november i fjor.
Halvert drivstoff-forbruk
Olympic Notos og Olympic Boreas er bygd med UIstein sitt Twin-stern-design, med baugform i begge endar. Det gjer skipa lettare å manøvrere og halde i ro i krevande vêr og bølger.
Dei er og bygd for å reduserer kor mykje drivstoff som trengst. Testar av Olympic Boreas viste halvert drivstoff-forbrukk under operasjonar der skipet skal ligge i ro.
Publisert: 12.05.2025 10:04
Sist oppdatert: 12.05.2025 13:14






