(NPK-NTB): Styret i Orkla-eigde Lilleborg har avgjort å flytte produksjonen frå Ello-fabrikken i Kristiansund til Falun i Sverige.
– Vi veit at avgjerda om å flytte produksjonen råkar dei 60 tilsette på Ello hardt, og vi vil no prioritere å hjelpe til i ein vanskeleg situasjon. Vi vil gjere det vi kan for å hjelpe dei tilsette vidare, seier produksjonsdirektør Knut Eckhoff i Orkla Home & Personal Care i ei pressemelding tysdag.
Fabrikken produserer mellom anna Lano og Sterilansåpe, og Solidox tannkrem.
Styret Lilleborg utsette måndag avgjerda om kva som skal skje med fabrikken etter at ei gruppe lokale interessentar ville prøve å redde fabrikken i ellevte time. (©NPK)

Publisert: 26.04.2016 12:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46