Kort fortalt

Leinebris i karantene i Tromsø

Éin frå mannskapet testa positivt på korona.

27.10.2020
Fiskefartøyet Leinebris som er heimehøyrande i Herøy, er tysdag i karantene i Tromsø, melder .
Bakgrunnen er at ein frå mannskapet har testa positivt på korona. Båten fekk beskjeden på veg til Barentshavet, men snudde og kom måndag kveld til Tromsø.
Vedkomande som testa positivt, er brakt til ein anna stad, medan resten av mannskapet er om bord i båten. Dei andre i mannskapet har testa negativt på den første koronaprøva, og ventar no på svar på nummer to.
Reiar Paul Harald Leinebø er nøgd med hjelpa dei får.
– Vi merkar at dette er eit apparat som fungerer. Det er flinke folk, seier han til avisa.

Publisert: 27.10.2020 12:19

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:24