Kort fortalt

– Lenge til alt blir som før

Det seier helseministeren.

14.04.2020
NPK-NTB: Helseminister Bent Høie (H) gjorde det tysdag klart at det vil ta lang tid før alt blir som før.
– I dei neste vekene kjem det til å bli meir liv i bygdene våre, men det er lenge til alt blir som før, sa statsråden på koronakonferansen til regjeringa.
Han viste til at barnehagar, skular, frisørar og fysioterapeutar gradvis vil byrje å fungere som normalt.
– Takka vere vår felles innsats er smittespreiinga i samfunnet så låg at vi kan opne forsiktig igjen. For at dei skal kunne halde dørene opne, må vi saman halde fram med å gjere det som vi veit verkar, sa han.
Høie understreka at det vi gjer no, avgjer kva vi kan gjere om nokre veker.
– Om vi lykkast, kan vi opne meir opp. Om vi mislykkast, må vi stramme inn igjen, sa helseministeren.

Publisert: 14.04.2020 17:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28