Kort fortalt

Likevel høyring om fylkesnamna

Skal diskutere Vestland fylke 24. mai.

18.04.2018
NPK: Mange har reagert på at regjeringa ikkje har ville sende saka om namn på nye fylkeskommunar ut på høyring. Men no er det lagt opp til høyring i kommunal- og forvaltningskomiteen. Det skjer tysdag 24. mai.
Fleire av dei nye fylkesnamna er omstridde. Namn som Viken, Vestland og Innlandet har skapt mykje debatt. Regjeringa har sendt namneforslaga direkte til Stortinget utan høyringsrunde først, noko mellom anna jusekspertar meiner bryt med utgreiingsinstruksen og slik er i strid med lova.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet la 6. april fram namnetilrådinga si for dei seks nye storfylka som skal tre i kraft frå 2020, og fekk dei godkjende i statsråd same dag.
Saka skal no behandlast i Stortinget, og kommunal- og forvaltningskomiteen ønskjer altså å ha høyring om namna på dei nye regionane.

Publisert: 18.04.2018 10:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39