Kort fortalt

Liten passasjerauke for Widerøe i juli

Tilsvarande nivå som i juli i fjor.

04.08.2023

Talet Widerøe-passasjerar var i juli omtrent på tilsvarande nivå som i fjor, berre ein svak auke på 0,7 prosent.

I juli i år flaug totalt 292.000 passasjerar med Widerøe, mot 290.000 i juli i fjor.

Trass i ein auke av kapasiteten på 9 prosent samanlikna med 2022, enda flyselskapet opp med ein noko redusert kabinfaktor på 75 prosent, mot 77,9 prosent i juli i fjor.

Den høgare kabinfaktoren i fjor kan delvis tilskrivast streiken i SAS, heiter det i ei pressemelding frå Widerøe.

Kapasiteten (ASK) var 194 millionar setekilometer – opp 9 prosent, medan faktisk passasjertrafikk (RPK) var 145 millionar setekilometer – opp 4,3 prosent.

Widerøe vart i juli kjøpt opp av Norwegian. Før kjøpet kan gjennomførast, må det godkjennast av Konkurransetilsynet.

(©NPK)

Publisert: 04.08.2023 09:22

Sist oppdatert: 04.08.2023 09:22

Mer om