Peggy Hessen Følsvik foto Erlend Angelo LO 11
KAMPKLARE: – Vi kan streike lenge, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik. Foto Erlend Angelo/LO
Kort fortalt

LO varslar tredje streikeuttak

– Vi kan streike lenge.

18.04.2023

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen og Heather Eliassen): – Vi er klare til å snakke med NHO når dei har bestemt seg for å komme med eit betre tilbod til oss, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til NTB.

Tysdag ettermiddag var ho på plass i solsteiken på ei streikemarkering på Youngstorget i Oslo. Hundrevis av kampklare LO-medlemmer var publikum.

– Vi kan streike lenger enn det NHO kan leve med, slo LO-leiaren fast frå talarstolen.

Jobbar med tredje streikeuttak
Følsvik seier tydeleg at det er NHO som må ta kontakt dersom det skal bli rørsle i arbeidskonflikten.

– Så de har ikkje tenkt å ta initiativ til nokon vidare samtalar med NHO?

– Det ligg ikkje i planane våre. Det vi gjer vidare no, er at vi jobbar med eit eventuelt tredje streikeuttak, seier ho.

Sist Følsvik snakka med NHO-sjef Ole Erik Almlid var på eit møte hos Riksmeklaren måndag kveld.

Tidlegare den dagen gjekk 22.947 LO-medlemmer ut i streik. Fredag kjem andreuttaket, som er på 16.561 LO-medlemmer til. Det tredje uttaket kan bli endå meir smertefullt, åtvarar Følsvik.

– Vi kjem til å ta eit taktisk uttak som smertar hos arbeidsgivarane, seier ho.

40.000 i streik frå fredag
Fredag kan totalt rundt 40.000 medlemmer vere ute i streik i det som er den første LO-streiken på 23 år, og den første streiken i eit mellomoppgjer sidan krigen.

– Det er klart at det er eit ansvar som eg kjenner på, og som eg tek på største alvor. Samtidig er det sånn at det er spesielle tider vi lever i, og eg trur at denne gongen var folk klare for å gå til det alvorlege steget å gå ut i konflikt.

Følsvik peikar på at mange har opplevd to år med reallønnsnedgang, og at mandatet inn i forhandlingane var auka kjøpekraft, noko LO seier dei ikkje fekk tilbod om av NHO.

Kraftfulle taler
Mange hadde møtt opp på Youngstorget for å sjå leiarane i LO, Fellesforbundet og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) halde appellar.

– Alle de som er her, veit at LO under meklinga kravde auka kjøpekraft for medlemmene våre. I tillegg kravde vi eit låglønnstillegg som skulle utgjere forskjellane mellom lågtlønte og høgtlønte og dessutan mellom kvinner og menn, sa Følsvik.

Også Jørn Eggum i Fellesforbundet og Arne Larsen frå NNN heldt kraftfulle appellar.

– Vanlege arbeidsfolk har fått nok av å sjå prisauke etter prisauke, sa Eggum.

– Vi held fram streiken til dei rettferdige krava våre er innfridde, la Larsen til.

Publisert: 18.04.2023 17:28

Sist oppdatert: 18.04.2023 17:28

Mer om