(NPK): Loen Skylift meiner Voss Gondol hermar etter logoen deira, og går til sak mot den nye gondolbanen på Voss.
Loen Skylift opna i 2017, og to år etter opna Voss sin eigen gondolbane. No meiner Richard Grov, hotellsjef og hovudeigar i Loen Skylift at logoen til Voss Gondol liknar for mykje på deira eigen logo. Det var som først skreiv om saka.
– Vi brukte mykje kreative krefter på namnet vårt, logoen og sjølve prosessen, og det er del av vår eigedom, seier Grov til .
Øyvind Wæhle, administrerande direktør i Voss Gondol, opplyser at dei er ueinige med Loen Skylift, og seier til DN at dei ikkje har fått noka tilbakemelding om at logoane er for like.
Dersom ein skal vinne fram med eit søksmål om plagiat, må ein vise at logoane er så like at det er fare for forveksling, som at forbrukarar tar feil av kva for bane det er snakk om, eller at dei trur det er snakk om same selskap, opplyser professor Inger Berg Ørstavik ved UiO.
Saka kjem opp i Bergen tingrett i april.
(©NPK)

Grov om skattestrid:
Publisert: 03.02.2020 17:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30