Rem offshore pris london foto rem offshore
FEKK PRISAR: Denne gjengen med prosjektleiar for Rem Power, Vegard Grimstad (til høgre), tok i mot prisen til Rem Offshore. Foto: Rem Offshore på Facebook
Kort fortalt

London-prisar til offshorereiarlag

Heider til Herøy under prestisjekåring.

Marius Rosbach
08.02.2024

Rem Offhore og Olympic-reiarlaga frå Herøy fekk kvar sin pris under den årlege Offshore Support Journal si kåring i London onsdag.

Rem Offshore fekk prisen for årets «energiskip», for Rem Power. Konstruksjonsservicefartøyet var det første reiarlaget fekk i flåten, som var spesiallaga frå starten for å betene havvindparkar. Skipet med dieselelektrisk framdrift blei levert frå Vard Søviknes-verftet i fjor vår.

Olympic Subsea fekk «sikkerheitsprisen» under den prestisjefylte kåringa. Den fekk dei saman med Scanreach for å ha utvikla og installert eit system for sporing av mannskap på fartøy, for å forbetre tryggleiken i nødssituasjonar, ifølgje ei melding frå arrangøren.

Publisert: 08.02.2024 14:15

Sist oppdatert: 08.02.2024 14:15

Mer om