Marius Bergseth Olympic foto marius 11
Olympic-reiarlaget har ikkje konkrete oppdrag til skipet som vil få namnet Olympic Boreas. Det uroar ikkje chief operating officer Marius Bergseth, som ventar stor etterspurnad etter slike vindskip framover. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Vi ser at marknaden jobbar med oss

Olympic-reiarlaget ventar høgare ratar og har ikkje hastverk med å sikre oppdrag for dei nye vindskipa.

Marius Rosbach
15.01.2024

Fredag kom skroget til Olympic sitt nye skip til Ulstein Verft. I løpet av året får Herøy-reiarlaget levert både dette og eitt skip til.

Begge skipa er sokalla konstruksjonsstøttefartøy for vindkraftindustrien – ein marknad som har gitt mykje arbeid til dei tradisjonelle offshorereiarlaga i regionen.

Ingen av skipa har faste oppdrag i sikte når dei er ferdige. Det uroar ikkje chief operating officer Marius Bergseth i Olympic-reiarlaget.

– Vi ser at marknaden jobbar med oss, har ikkje hatt noko stress med å sikre lengre oppdrag. Vi vurderer heller oppdrag på mellomlang sikt når skipet nærmar seg levering, så vil vi sjå an marknaden framover, seier han til NETT NO.

Olympic Boreas Ulstein Verft januar 2024 foto Marius
KLART FOR UTRUSTING: Det første av to skip Olympic-reiarlaget skal bygge ved Ulstein Verft, kom før helga til verftet i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach

Halvparten av inntektene frå fornybar
Olympic-reiarlaget har allereie vore i det som omtalast som fornybarsegmentet i kring ti år.

I dag utgjer denne marknaden kring halvparten av inntektene til skipa i flåten.

Sjølv om kostnadene ved vindkraft har lagt ein dempar på investeringsviljen, er det planar om å bygge ut ein rekke vindparkar i åra framover. Det gjer at etterspurnaden etter skipa truleg berre vil auke.

Skjerpa konkurranse om tonnasjen
Samtidig er det tradisjonelle offshoremarknaden på veg opp, som skjerpar konkurransen.

– Etter kvart som olje og gass beveger seg oppover, må dei konkurrere om den same tonnasjen. Det gjer at marknaden for desse fartøya er på veg oppover og det blir betre ratar for reiarlaga framover.

– Det er lite tilvekst av denne tonnasjen, samanlikna med behovet framover, legg han til.

Det naturlege spørsmålet blir difor om reiarlaget vurderer å bygge fleire skip.

– Det er noko vi vurderer fortløpande heile tida, men det er mange ting som skal stemme før vi gjer store investeringsval. No skal vi konsentrere oss om desse to fartøya. Så blir det ei vurdering om vi skal ha fleire slike skip, eller om vi ser på andre moglegheiter, seier Bergseth.

Første spesialbygd for vindkraftoperasjonar
Til no har reiarlaget nytta skip i vindkraftindustrien, som i utgangspunktet var bygd for offshoreverksemd.

– Dette blir det første fartøyet vårt som er bygd for å vere eit «walk to work»-skip, seier Bergseth.

Det betyr at skipet skal gå inntil turbinar og andre installasjonar for å sette av personar ved hjelp av ein avansert gangveg.

Samtidig er skipet mellom dei aller første som blir utstyrt med Ulstein Group sin Twin X-Stern-løysing - som skal gi betre manøvreringseigenskapar og gjere det enklare å halde skipet i ro ved slike operasjonar.

– Teknikarane som skipa gjerne skal ha med ut, er ikkje sjøfolk som vi er vande med i andre sektorar. Det gjer at komfortnivået er veldig viktig, påpeiker Bergseth.

Olympic Bareas januar 2024 Ulstein Verft foto Uavpic
FØRST UTE: Dei nye vindskipa til Olympic er dei første som får Twin X-Stern-design, som betyr at dei har einingar for hovudframdrift både framme og akter. Foto: Uavpic

Publisert: 15.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.01.2024 07:15

Mer om