Rem Inspector bilde 1 foto Rem Offshore
TIL TAIWAN: Rem Inspector (biletet) skal til Taiwan og arbeide i vindkraftmarknaden. Foto: Rem Offshore
Nytt

Milliardoppdrag for Rem Offshore

Har fått langsiktige kontraktar for sju fartøy.

15.11.2023

- Det er gledeleg å konstatere at kontraktane både gjenspeglar dagens marknad og breidda av tenester vi kan tilby til våre gode kundar, seier administrerande direktør Lars Conradi Andersen i ei pressemelding.

Reiarlaget med base i Herøy har både fått nye kontraktar og forlenga eksisterande kontraktar. Til saman har dei ein verdi på 1,5 milliardar kroner. Det gjer at Rem Offshore no har ein ordrereserve på tre milliardar, ifølgje meldinga.

Reiarlaget eig og driv 19 fartøy og har eitt fartøy under bygging.

Rem Offshore-konsernet omsette i fjor for kring 841 millionar kroner og fekk eit overskot før skatt på 22 millionar. Driftsresultatet enda på drygt 155 millionar kroner.

Dette er avtalane:
Rem Inspector
har vunne kontraktar for arbeid med havvindprosjekter i Taiwan. Dei varer til saman i overkant av eitt år, og fartøyet skal starte oppdraget i løpet av fjerde kvartal i år. Rem Inspector er eit subseafartøy bygd i 2013, som sidan 2019 har arbeid i havvindmarknaden med gangvegtenester og kommisjonering av havvindparkar.

Subseafartøyet Rem Saltire har fått ei to-års kontrakt for ein internasjonal seismikkleverandør, og skal brukast til nodeseismikk og ROV tjenester globalt.

Forsyningsskipet Rem Mira har forlenga kontrakten sin med Serica Energy til fjerde kvartal 2026. Forsyningsskipa Rem Insula og Rem Cetus har forlenga kontrakten sin med Apache til første kvartal 2025. Oppdraga er på britisk sokkel.

Forsyningsskipa Rem Star og Rem Art har forlenga avtalen med Equinor ASA på norsk sokkel, og har med det løpande kontrakter godt inn i 2025. Skipa har framleis tre årlige opsjoner igjen etter 2025.

Publisert: 15.11.2023 13:26

Sist oppdatert: 15.11.2023 13:56

Mer om