NPK-NTB: Næringsminister Iselin Nybø (V) meiner cruiseverksemda til Hurtigruten har segla i grenseland av lovverket og varslar at ho vil sjå på lovverket.
Nybø møtte fagforeininga torsdag for å diskutere korleis Hurtigruten opererer.
Hurtigruten bruker utanlandsk arbeidskraft på cruisebåtane sine. For å kunne gjere dette må dei vere innom minst to utanlandsk hamnar, noko dei har løyst ved å stoppe i nokre minutt ved ei hamn i nokre minutt på turen frå Hamburg til Noreg, ifølgje .
Senterpartiet har skulda regjeringa for å ha gått saman med Hurtigruten om å lure systemet. Nybø understrekar at dei ikkje har prøvd å lure systemet, men at ho ser at det har vore ei praktisering som har lege heilt i grensa av regelverket.
– Vi har jo ei forskrift som seier at båtane skal ha anløp i to utanlandske hamner. Samtidig ser vi no på om det er behov for å klargjere kva anløp i to hamner betyr, seier Nybø NRK.
Fagforeiningane var optimistiske etter møtet.
– Vi har håp om at det no skal komme ei regelendring, eller i alle fall ei presisering av regelverket, som gjer at aktørane her ikkje så enkelt kan sno seg rundt avgjerdene vi har, seier første nestleiar Peggy Hessen Følsvik i LO.

Publisert: 23.10.2020 08:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24