Kort fortalt

Lusemiddel skadeleg for raudåta

Kan også døy av små mengder.

25.02.2020
NPK: Forsking viser at små dosar av lusemiddelet hydrogenperoksid kan ta livet av raudåte, og at den som overlever ikkje like lett rømmer frå fisk som vil ete dei.
Fordi raudåta er viktig føde for småfisk langs kysten der oppdrettsanlegga ligg, og formeirar seg om våren når bruken av lusemiddel er på topp, er det viktig å vite om ho tar skade av lusemiddelet hydrogenperoksid, forklarer doktorgradsstipendiat Rosa Escobar-Lux i .
I ein ny vitskapleg artikkel i kjem det fram at raudåta kan døy av små dosar av lusemiddelet hydrogenperoksid. Og åta som overlever blir i dårlegare stand til å komme seg unna fisk som vil ete dei.
– Ung raudåte som overlevde eit bad med fem prosent av avlusingsdosen, byksa ikkje unna «fiskekjeften», forklarer Escobar-Lux til HI.
Forskarane bada raudåte i vatn med ulike konsentrasjonar hydrogenperoksid i éin time. Med ti prosent av den anbefalte avlusingsdosen, døydde all vaksen raudåte, og med ein konsentrasjon på på 1,8 prosent døydde halvparten. Ung raudåte var noko meir robust enn vaksen raudåte.

(©NPK)


Publisert: 25.02.2020 13:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30