(NPK-NTB) Ei gjennomsnittleg månadslønn var i september i fjor 43.300 kroner, ein auke på 1,6 prosent frå same månad året før.
Ei gjennomsnittleg månadslønn for alle tilsette steig frå 42.600 kroner i september 2015 til 43.300 same månad 2016, viser nye tal frå (SSB)
Auken svarar til 1,6 prosent, som er den lågaste lønnsveksten SSB har målt på 2000-talet.
Tala frå SSB viser at ei gjennomsnittleg månadslønn i privat sektor og offentlege føretak er 43.800 kroner (+1,4 prosent). Det er noko høgare enn i kommuneforvaltinga, der talet er 39.500 kroner (+2,3 prosent). I statsforvaltninga er snittlønna 46.500 kroner per månad (+1,8 prosent).
Ei gjennomsnittleg månadslønn for menn ligg på 46.200 kroner, ein auke på 1,3 prosent. For kvinner er månadslønna 39.800 kroner, ein auke på 2,3 prosent.
Rogaland er fylket der kvinner har minst del av lønna til menn. Her var månadslønna for kvinner i 2016 på 40.400 kroner. Menn i fylket hadde 49.700 kroner i månadslønn. Dermed var månadslønna for kvinner 81,3 prosent av gjennomsnittet for menn.
Motsett var Hedmark det fylket med minst ulikskap mellom kjønna, der kvinnedelen av lønna til menn var på 94,7 prosent. Her var gjennomsnittslønna høvesvis 37.800 kroner for kvinner og 39.900 kroner for menn.
(©NPK)

Publisert: 01.02.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42