Kort fortalt

Lågt utdanna på uføretoppen

Kvar femte person på uføretrygd er lågt utdanna.

12.04.2018
NPK-NTB: Ein av ti personar i Noreg mellom 18 og 67 år er uføretrygda. Folk med låg utdanning er overrepresenterte.
Nesten kvar femte – 19,4 prosent – av dei som var registrert uføretrygda ved utgangen av 2016, hadde berre grunnskule, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Byrået konkluderer med at denne gruppa lågt utdanna er «svært overrepresenterte blant dei uføretrygda».
– Noko av overrepresentasjonen kan koma av at personar med svekt helse kan ha vanskar med å gjennomføre utdanning, men det viser også tydeleg at utdanning minskar faren for svekt tilknyting til arbeidslivet med ei helserelatert ordning som uføretrygd, skriv SSB.
Blant dei med høgast utdanning var 3,9 prosent av dei frå 18 til 67 år uføre i 2016, mens det gjaldt 10,2 prosent av dei med vidaregåande som høgast fullførte utdanning.
Til saman 331.100 personar busette i Noreg var uføretrygda i 2016. Det svarar til 10 prosent av dei mellom 18 og 67 år – 11,6 prosent kvinner og 7,9 prosent menn.
– Sidan uføretrygd er ei helserelatert yting, er det også naturleg at delen uføre aukar med alder, skriv SSB.
Blant personar i alderen 62–67 år var 30,1 prosent uføretrygda, tilsvarande del blant 55-61-åringer var 19,8 prosent. I den yngste aldersgruppa, 18–24 år, var 1,4 prosent uføretrygda.

Publisert: 12.04.2018 14:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39