Kort fortalt

Makrellstørjefiske kan bli miljømerka

Verdsnaturfondet er kritisk til sertifisering.

04.08.2020
(NPK): Eit japansk fiskeriselskap som fiskar etter blåfinna makrellstørje, kan bli det første til å få miljømerket MSC. .
For at eit fiskeri skal bli MSC-sertifisert, må det dokumenterast at bestanden er i sunn forfatning og at den blir forvalta berekraftig.
Det japanske fiskeriselskapet Usufuku Honten kan bli det første til å få sertifiseringa for makrellstørjefiske, skriv Fiskeribladet.
WWF, Verdsnaturfondet, er kritisk til sertifiseringa.
– WWF motset seg sertifiseringa og trur ho vil hindre full oppbygging av ein av dei mest verdifulle fiskebestandane i verda, skriv WWF i ei pressemelding.
Bestanden av makrellstørje var nær kollaps på grunn av overfiske for 20 år sidan, og det har vore jobba for å bygge opp bestanden igjen.
(©NPK)

Publisert: 04.08.2020 11:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25