(NPK): Før pandemien var 110.000 unge under 29 år utanfor arbeidslivet og utdanningsløp. Ifølgje nye tal frå Virke har talet auka til minst 130.000.
– Ungdom er hardast ramma av pandemien. Eg blir fortvila når eg tenkjer på kva for ringverknader dette vil ha for unge som skal ut i arbeidslivet, seier Ivar Horneland Kristensen til . Han er administrerande direktør i Virke, hovudorganisasjonen for handels- og tenestenæringa.
Ifølgje Virke er det utlyst 20 prosent færre nye jobbar i handels- og tenestenæringa i år samanlikna med to siste år.
– Viss dei unge ikkje kjem seg inn i arbeidsmarknaden i ein tidleg alder, er det stor sjanse for at dei ikkje kjem seg inn i arbeidsmarknaden i det heile, seier Horneland Kristensen.
At arbeidsløysa blant unge aukar uroar også arbeids- og sosialministeren.
– Vi må unngå at mange hamnar varig utanfor fordi dei fekk ein tøff start på arbeidslivet. Vi må gi folk betre sjansar å kvalifisere seg inn i jobb – slik at bedriftene får den arbeidskrafta dei trenger og færre står i arbeidsløysekøen, skriv Henrik Asheim i ein e-post til E24.
Asheim meiner det finst gode moglegheiter for fagopplæring med samarbeid mellom Nav, næringslivet og skular. Og regjeringa vil halde fram med å følgje situasjonen nøye

(©NPK)
Publisert: 21.12.2020 14:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24