(NPK-NTB): Berre kvar fjerde verksemd som er medlem av Sponsor- og Eventforeningen, trur dei vil overleve tredje kvartal i år viss ikkje koronakompensasjonen blir endra.
Det kjem fram i ei fersk medlemsundersøking gjennomført av Opinion, skriv Dagbladet.
– Denne understrekar alvorsgrada. Det hastar for oss å komme til bords, og at nokon hjelper oss på vegen til å finne ut kven som har ansvaret for oss, seier Jan Fredrik Karlsen.
Han blir støtta av Janette Haukland, som er dagleg leiar i Sponsor- og Eventforeningen. Ho påpeikar at bransjen ikkje har rett til støtte for avlyste arrangement, slik som kultur og idrett.
– Dessutan treffer kontaktstøtta til næringslivet oss svært dårleg, då vi er ei prosjektorientert næring med store sesongsvingingar i inntektsstraumen, seier Hakuland til Dagbladet.
(©NPK)

Publisert: 04.08.2020 08:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25