Kort fortalt

Mange får auka løn ved jobbskifte

Men få forhandlar om lønsauke.

11.04.2018
NPK: 84 prosent av dei som vel å forhandle om lønn når dei byter jobb, får betre betalt, viser ei undersøking gjort av NITO
Det er likevel berre 28 prosent som vel å forhandle om lønn når dei skal begynne i ny jobb.
– Dette er veldig overraskande. Når ein kandidat legg så mykje tid i ein søknad og innsal av seg sjølv, og arbeidsgjevaren har vurdert kandidaten til å vere kvalifisert, så er det rart at kandidaten ikkje seier noko om forventningar til lønn, seier president Trond Markussen i Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) i ei pressemelding.
Markussen trur noko av grunnen er at mange er glade for å ha fått jobben og synest det er ubehageleg å stille krav.
– Du har fått eit tilbod, og arbeidsgjevar er interessert i å tilsetje deg. Når du har fått delt ut gode forhandlingskort, er det rart å ikkje bruke dei. Det er ingen som legg merke til deg dersom du sit stille i ein krok, understrekar han.

Publisert: 11.04.2018 15:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39