Kort fortalt

Mange vil flytte til hytta

20 til 40 saker per dag.

23.03.2020
NPK-NTB: Søknadene til Folkeregisteret om å byte bustadadresse til hytta er mangedobla på kort tid.
Folkeregisteret opplyser til at dei vanlegvis får vi rundt tre slike saker om dagen, men at det i perioden frå 14. mars til 21. mars kom 20 til 40 saker per dag.
Søknadene om flytting til fritidsbustaden er likevel sett på vent hos saksbehandlarane.
– Vi prioriterer dei aller mest kritiske oppgåvene og flyttemeldingar til fritidsbustad er ikkje prioritert som eit kritisk område for Skatteetaten i desse dagane, seier Elin Imsland, som er avdelingsdirektør og ansvarleg for Folkeregisteret i Skatteetaten.

Publisert: 23.03.2020 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29