Kort fortalt

Mange vil halde fram med heimekontor

Vil ha heimekontor også etter koronaen.

06.01.2021
NPK-NTB: Nær halvparten av medlemsbedriftene i NHO vil halde fram bruken av heimekontor òg etter koronakrisa.
– Eg trur at fleire vil jobbe heimanfrå i framtida, om eg skal spå, seier arbeidslivsdirektør i NHO Nina Melsom til .
Ho kan lene seg på svara frå 3.794 bedrifter i NHOs medlemsundersøking. Den viser at 63 prosent av bedriftene har brukt heimekontor under koronakrisa. Blant dei største bedriftene, med over 100 tilsette, er delen heile 93 prosent.
I alt 48 prosent av bedriftene ønskjer å halde fram med ei meir valfri heimekontorløysing. Det viser at det er behov for å sjå på å reglane for heimekontor, meiner Melsom.
– Det er igangsett eit arbeid i regi av Arbeidsdepartementet. Vi har ei forskrift frå 2002, men det har skjedd mykje sidan då, seier ho til avisa.
LO varslar at det kan bli ei sak å diskutere i framtidige lønnsoppgjer.
– Med utstrekt bruk av heimekontor er det mykje vi er bekymra for, både det fysiske arbeidsmiljøet og det psykososiale. Når bedriftene sparer pengar på straum, reinhald og anna, blir det skuva over på dei tilsette. Då må vi ta ein diskusjon om kompensasjon, seier LO-nestleiar Roger Heimli.

Publisert: 06.01.2021 08:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23