Kort fortalt

Marknadspotensial på 110 mrd. årleg

Store moglegheiter for norske leverandørar.

04.11.2020
(NPK): Potensialet for norske leverandørar til havvind er estimert til opp mot 10 milliardar euro i omsetning i 2050. Det kjem fram i ein ny rapport.
Rapporten er laga av Thema Consulting, Multiconsult og RCG Nordic for OED, Eksportkreditt og Norwegian Energy Partners (NORWEP). Hovudfunna i rapporten vart presentert under High Wind 2020-konferansen i Stavanger onsdag.
Mange land satsar på havvind, og meiner dette vil bli ei konkurransekraftig kraftkjelde. Europa har bygd grunnlaget for industrien. Men andre regionar, med Kina og resten av Asia i spissen, er forventa å vekse raskt framover. Dette byr på store moglegheiter for norsk leverandørindustri, som kan skape verdiar basert på kunnskap og erfaring frå offshore olje- og gassverksemd.
– Rapporten viser at norske leverandørbedrifter har gode føresetnader for å lykkast i den stadig veksande globale havvindmarknaden. For regjeringa er det viktig å sørgje for at vi har gode støtteordningar og rammevilkår som gjer at energibransjen er konkurransedyktig internasjonalt, seier olje- og energiminister Tina Bru i ei pressemelding.
– Vi har sjølv ei forventning om at norske bedrifter skal levere varer og tenester til havvindmarknaden for 50 milliardar norske kroner årleg allereie innan 2030, seier Jon Dugstad, direktør vind og sol hos NORWEP.
– Noreg trenger sterk vekst i nye eksportnæringar som havvind for å snu ei negativ eksportutvikling generelt og sikre velferda i framtida, seier Ivar Slengesol, direktør for strategi og forretningsutvikling i Eksportkreditt.

(©NPK)


Publisert: 04.11.2020 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24