NPK-NTB: Koronakrisa har ført til bratt annonsefall og krisestemning i mediebransjen.
I ei fersk undersøking frå Handelshøyskolen BI seier 85 prosent av mediebedriftene som har svart, at dei har permittert eller vurderer å permittere sine tilsette no. Berre 15 prosent svarer at det ikkje er aktuelt å permittere no, skriv .
– Dei signala som kjem, er svært ille. Eg har aldri sett maken på mine meir enn 40 år i bransjen. No er det permisjonar og svarte natta dei fleste stadene, seier medieforskar Erik Wilberg til nettstaden.
Særleg hardt blir papiravisene ramma, der 83 prosent svarer at annonseutviklinga er særs negativ og 13 prosent seier ho er noko negativ. For desktop og mobil svarer rundt 50 prosent at utviklinga er særs negativ og 40 prosent noko negativ. 62 prosent av medieleiarane svarer at lønnsemda totalt er svært negativ og 13 prosent at ho er noko negativ.
Mediebedriftenes Landsforening (MBL) bad torsdag regjeringa om ein krisepakke på 1 milliard kroner til media, og Landslaget for lokalaviser har bede om at aviser med eit opplag på under 15.000 får eit ekstra tilskot på 150 millionar kroner, og at staten og kommunane kjøper annonsar i alle redaktørstyrte medium.

Publisert: 26.03.2020 09:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29