(NPK-NTB): NHO-direktør Ole Erik Almlid meiner at Noreg ikkje kan stanse moglegheitene til å løyse klimautfordringane ved å seie nei til inngrep i naturen
– Noreg kan ikkje stengje ned moglegheita for å bruke naturressursar. Vi må tole nokre naturinngrep for å sikre at vi løyser jobbskapingsbehovet og for å løyse klimautfordringa, seier han til
NHO-direktøren meiner ein må sjå utbygging av vindkraft i lys av elektrifiseringa som går føre seg i samfunnet, og han meiner at Noreg med sine rike naturressursar har eit ekstra ansvar, og at distrikta må finne seg i at naturressursar blir utnytta.
– Vi kan ikkje la lokale omsyn stanse forpliktinga vi har globalt, seier Almlid.
Aksjonsleiar for «Nei til vindkraft på Frøya», Hans Anton Grønskag, meiner utsegnene frå NHO-direktøren er arrogante. Han meiner Almlid har heilt feil fokus.
– Det ein ikkje nemner i det heile tatt, er eit redusert forbruk. Vi må ha eit lågare forbruk. Vi må klare oss med den vasskrafta vi har og oppgradering av den, seier han til kanalen.
(©NPK)

Publisert: 08.01.2020 09:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31