Ulstein BS Offshore Ulstein Verft skrog til byggnr 321 foto Ulstein Group
MYKJE Å GJERE: Ulstein Verft har arbeid med fleire nybygg gåande, samtidig som dei har oppdrag med kortare horisont. Det nye skroget lengst til høgre. Foto: Ulstein Group
Kort fortalt

Meir jobb til Ulstein-verftet

Mykje aktivitet og fekk nytt skrog til kai.

Marius Rosbach
11.03.2025

Skroget til eit nytt vindskip til Bernhard Schulte Offshore kom tysdag til Ulstein verft. 

Skroget er bygd ved Crist-verftet  i Polen og blei slept inn Ulsteinfjorden i løpet av ettermiddagen. 

Skipet er det femte fartøyet Ulstein-konsernet har bygd for det tyske reiarlaget. Den første kontrakten blei inngått i 2015.

Nyleg blei også systerskipet sjøsett ved verftet etter å fått på plass første del av utrustninga inne i dokkhallen.  Begge skipa skal leverast i løpet av året. 

Ulstein skrog vindskip BS Offshore foto Marius
KOM TIL VERFTET: Skroget er basert på Ulstein sitt SX222-design og skal bli utrusta for oppdrag i havvindindustrien. Foto: Marius Rosbach

Skipa blir skreddarsydd for oppdrag i havvindindustrien og blir bygd for å kunne ta i bruk metanol som drivstoff. 

Om bord er den sokalla Twin X-Stern-løysinga frå Ulstein Design & Solutions, som betyr at skipet har baugfasong også i akterenden. Det blir kalla eit CSOV-fartøy, bygd for både konstruksjon og vedlikehaldsoppdrag.

Vindskip ulstein bs offshore foto Ulstein Group
SKIP NUMMER FIRE: Bernhard Schulte Offshore sitt fjerde skip frå Ulstein blei sjøsett i februar. Foto: Ulstein Group

Publisert: 11.03.2025 19:22

Sist oppdatert: 12.03.2025 09:40

Mer om