Vindskip ulstein bs offshore 2 foto Ulstein Group
FLEIRE I ORDREBOKA: Ulstein verft skal levere fleire slike skip til vindkraftindustrien framover. Foto: Ulstein Group
Nytt

Fekk sjøsett skip nummer fire frå Ulstein

Tysk reiarlag er ein av verftet sine mest trufaste kundar.

Marius Rosbach
24.02.2025

Søndag vart eit nytt skip til havvindindustrien sjøsett ved Ulstein verft. Skipet med byggnummer 320 skal inn i flåten til det Bernhard Schulte Offshore og vere ferdig i andre kvartal i år. 

Det tyske reiarlaget har tidlegare har fått fleire skip levert frå verftet – og har endå eitt under bygging.

Vindskip ulstein bs offshore foto Ulstein Group
SKIP NUMMER FIRE: Bernhard Schulte Offshore sitt fjerde skip frå Ulstein blei sjøsett søndag. Reiarlaget har også skip nummer fem under bygging. Foto: Ulstein Group

Med «baug» i begge endar
Skipet som blei sjøsett søndag er det fjerde i rekka som Ulstein-konsernet har designa og bygd for reiarlaget. 

Om bord er den sokalla Twin X-Stern-løysinga som betyr at skipet har baugfasong også i akterenden. Det blir kalla eit CSOV-fartøy, bygd for både konstruksjon og vedlikehaldsoppdrag.

Det neste - og femte skipet - til Bernhard Schulte-reiarlaget blir eit systerskip som også er under bygging. 

Har opsjonar på fleire skip
Frå før har det tyske reiarlaget fått levert skipa Windea La Cour, Windea Leibniz og Windea Jules Verne frå Ulstein verft. 

Då dobbeltkontrakta for dei nye skipa blei kjent, inneheldt kontrakten også opsjonar på til saman fire skip. Desse opsjonane er overført til investorane under leiing av J.P. Morgan Asset Management, som i fjor erklærte dei to første.

Ulstein verft har også eit stort kabelskip for levering i ordreboka framover. 

Publisert: 24.02.2025 13:59

Sist oppdatert: 24.02.2025 13:59

Mer om