Laurdag var det feiring på kaia ved Ulstein Verft då Olympic Group fekk døypt og overlevert sitt nyaste skip Olympic Notos.
Inviterte gjestar, reiarlag og verft var mellom dei som deltok på arrangementet. Det gjorde naturleg nok også konsernsjef Gunvor Ulstein, som no har vore tilbake i jobben som toppsjef i konsernet i kring eitt år.
– Det er fint å vere tilbake. Grunnen til det, er at vi har så mykje dyktige folk. Vi er heldige som har så mange flinke folk som har lyst til å jobbe i Ulstein, seier ho til Nett No.

Fordel om toppsjefen kjenner Ulstein-kulturen
Etter ein årrekke som toppsjef for Ulstein Group, sa Gunvor Ulstein takk for seg i den rolla i 2020. Då tok Cathrine Kristiseter Marti steget opp frå finansdirektør til konsernsjef.
Etter at Marti i fjor haust fekk jobben som toppsjef i Vard-konsernet, kom Gunvor Ulstein tilbake igjen som konsernsjef.
Ho seier følgjande om kva ho ser for seg som viktig i den perioden ho no er inne i:
– Vi tenker at det er viktig er å sjå om vi kan utvikle den neste konsernsjefen i eigne rekker frå Ulstein. Eg har ikkje noko prestisje i å sitte lenge i stillinga, men eg blir til vi klarer å bygge eit godt team for framtida, og eg vil vere med å få opp den neste generasjonen skipsdesignarar og Ulstein-arbeidarar, seier ho.
Gunvor Ulstein meiner det er ein fordel om den neste toppsjefen også kjenner Ulstein-kulturen godt.
– Ikkje noko vil glede meg meir om vi klarer å plukke nokon frå eigne rekker igjen, legg ho til.

Skip nummer åtte til Olympic
Ulstein Group-sjefen påpeiker at lokale kundar – som Olympic - er viktig for skipsbyggjarkonsernet.
Allereie i 2002 leverte Ulstein Group sin første båt til Herøy-reiarlaget, som var det første designet frå Ulstein sjølv.
Båten som blei levert laurdag, er det åttande skipet Ulstein leverer til reiarlaget.
– Det er den tverrfaglege dyktigheita som gjer at vi får kundar som Olympic og andre til å kome til oss. At vi har ei breidde i fagkunnskapen, seier Gunvor Ulstein.
For augneblinken teller konsernet kring 500 tilsette i inn- og utland. Om lag halvparten jobbar på verftet, som har fem skip til i ordreboka.

Skal ut i vindkraftoppdrag
Olympic Notos er skip nummer to med same design til Olympic-reiarlaget, og identisk med Olympic Boreas som blei døypt i Fosnavåg i sommar.
Det er også dei første fartøya skipsbyggjarkonsernet sjølv bygger med Ulstein Group sin Twin X-Stern-løysing.
Det betyr at skipa har propellar for hovudframdrift både framme og akter. Det gjer at dei er samanlikna med ein firehjulstrekkar på vinterføre.
Skipet er skreddarsydd for vindkraftindustrien, og skal i løpet av kort tid ut i eit oppdrag for Ørsted i denne marknaden. Deretter kan det vere aktuelt med lengre jobbar, fortel reiar Stig Remøy til Nett No.
Olympic-eigaren er nøgd med betalinga skipa får om dagen: – Marknaden har stabilisert seg på eit godt nivå, seier han.

Publisert: 10.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 10.11.2024 21:46