Kort fortalt

Meir krevjande å få sjømat over landegrensene

Krig, uro og inflasjon gir utfordringar.

NPK
16.01.2024

(NPK): Sjømatrådet utvidar teamet som jobbar med marknadstilgang for norsk sjømateksport, etter at krig, uro og inflasjon har medført fleire utfordringar.

Det blir stadig innført nye restriksjonar og krav som gjer eksporten av sjømat meir utfordrande, og eksisterande handelsblokker byggjer høgare murar. Marknadstilgangen har også vorte mindre føreseieleg, skriv Fiskeribladet.

- Det skjer hyppig endringar i lover og reglar for importen til ein del land. Reglar som gjaldt i går, gjeld ikkje nødvendigvis i dag. Derfor er vi nøydde til å følgje med og oppdatere oss heile tida, seier Børge Lotre, fungerande direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Sjømatrådet.

Til saman skaper endringane eit stadig trongare nålauge for sjømateksporten, og ein god del meirarbeid for alle instansar som jobbar med marknadstilgang.

- Derfor har vi måtta utvide teamet som jobbar med oppgåver knytt til handel over grensene, seier Lotre.

I dag består teamet både av faste tilsette, ein fast praktikant, ein innleigd konsulent, og dessutan andre tilsette i Sjømatrådet som kan bidra når det trengst.

(©NPK)

Publisert: 16.01.2024 11:35

Sist oppdatert: 16.01.2024 11:35

Mer om