Kort fortalt

Meir midlar til kompetanseheving

Bedrifter kan søke fylkeskommunen.

23.03.2020
- Den eine ordninga gjeld også dersom dei tilsette er heilt eller delvis permitterte, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal, i ei pressemelding.
Fylkeskommunen opplyser at ein har to BIO-ordningar (bedriftsintern opplæring) for bedrifter som ønskjer å bruke kompetanseheving som verkemiddel for omstilling. Regjeringa har auka ramma på BIO-midlane for å motverke dei negative konsekvensane av korona-epidemien.
Gjennom BIO-ordninga kan bedrifter søke om støtte til kompetansehevande tiltak i samband med omstilling. Slik opplæring kan vere eit alternativ til å permittere arbeidstakarar.
Gjennom BIO-2 kan bedrifter søke støtte til kompetanseheving for tilsette som er heilt eller delvis permitterte. Med desse midlane kan bedrifter tilby nettbasert opplæring på kompetanseområde som vil medverke til omstilling.
Begge ordningane er opne i søknadsportalen .

Publisert: 23.03.2020 10:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29