Kort fortalt

Meir rognkjeksrogn

Anbefaler kvote på 400 tonn rå rogn.

04.11.2020
NPK: Havforskingsinstituttet gir råd om å avgrense totaluttaket til 400 tonn rå rogn per år når det gjeld fisken rognkjeks. Dette vil sikre ein framleis moderat fangst på bestanden.
I motsetning til andre kvoteråd, gir instituttet råd om mengde rogn frå rognkjeks. Dette er fordi fiskarane leverer sjølve rogna og ikkje heile fisken.
I 2019 og 2020 var kvoten på 5.000 kilo rogn per båt. Deltakinga auka frå 190 båtar i 2019 til 218 båtar i 2020. I år svarte dette til eit maksimalt tillatt uttak på 1.090 tonn rogn.
Landingane i år vart totalt 219 tonn rogn, tilsvarande 20 prosent av totalt tillat kvantum.

Publisert: 04.11.2020 16:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24