Kort fortalt

Meir satellittovervaking av sjøen

Satsar på nye satelittar.

10.11.2020
NPK: Kystverket overvaker risikotrafikk i norske farvatn med AIS-satellittar. Satellittane har no passert planlagd levetid, og det hastar å fornye dei, melder Kystverket.
Kystverkets sjøtrafikksentralar organiserer skipstrafikk, assisterer fartøy med navigering og varslar om farar for å hindre skipsulykker. I 2010 etablerte Kystverket overvaking ved bruk av AIS-satellittar i område som er så langt unna kysten at landbaserte sensorar ikkje rekk ut. Satellittane er drifta i samarbeid med Norsk romsenter og Forsvarets forskingsinstitutt. No ønsker dei å betre satellittane, skriv .
– Med dei fire satellittane vi har i dag, får vi eit oppdatert bilete av havområda våre omtrent ein gong kvar halvtime. Dette er ein frekvens vi ønskjer å forbetre, seier sjøsikkerheitsdirektør i Kystverket, Arve Dimmen.
Satellittinformasjonen blir delt med blant anna Forsvaret, Fiskeridirektoratet, Tollvesenet, Sjøfartsdirektoratet og Politiet.
Dei første nye satellittane som er planlagde, vil truleg bli skotne opp i januar 2021.
Saman med Norsk Romsenter og Forsvaret foreslår Kystverket å etablere fleire satellittar som er meint for norske sivile og militære formål i mange år framover.

Publisert: 10.11.2020 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24