Kort fortalt

Mest CO2 med kongekrabbe og oppdrettslaks

Villfanga kvitfisk og pelagisk fisk best ut. 

10.02.2020
(NPK): Sintef har målt CO2-avtrykket til dei enkelte fiskeria for å slå fast kva fiskeri som set det største karbonavtrykket. Kongekrabben kjem dårlegast ut.
Sintef har utført ein livsløpsanalyse, som er eit verktøy for å visualisere kva påverknad ulike produkt kan ha på natur og miljø og kor og korleis ein kan redusere miljøpåverknaden frå produkta, skriv
Studien ser både på utsleppet ved landing av villfisk og slakting av oppdrettsfisk, og sluttresultatet når maten er framme i marknaden hos forbrukaren.
Å frakte levande skaldyr til den andre sida av kloden gir store CO2-avtrykk. 28,6 kilo CO2 går med for kvar kilo kongekrabbe som blir levert til kunde i Seoul, Korea.
Nest verst ut kjem fersk laks til Shanghai i Kina, med 20,2 kilo CO2 per kilo produkt til forbrukar. Vidare kjem ulike variantar av oppdrettslaks dårleg ut, med mellom 7 og 9 kilo CO2 per leverte kilo produkt. Ulike former for villfanga kvitfisk og pelagisk fisk ligg under 2,5 kilo CO2 per leverte kilo produkt.
Når målinga blir gjort ved levering til fiskemottak eller lakseslakteri, er det oppdrettslaksen som kjem dårlegast ut. Dette er mykje på grunn av den energi- og transportkrevjande prosessen det er å framstille laksefôr.
(©NPK)

Publisert: 10.02.2020 13:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30