Kort fortalt

Miljødirektoratet usikre på båtvrakpant

Redd for misbruk av ordninga.

24.01.2017
NPK: Miljødirektoratet vil betale den nye «vrakpanten» for fritidsbåtar til anlegga som tar imot båten, og ikkje til båteigaren.
Direktoratet er uroleg for at ordninga skal bli misbrukt ettersom fritidsbåtane ikkje blir registrerte på eigarane i Noreg.
– Vi er urolege for at ordninga kan misbrukast og føre til tjuveri eller utbetaling av tilskot til utanlandske båtar. Denne risikoen er mykje mindre om pengane går til å dekkje kostnader for mottak, transport og behandling av kasserte fritidsbåtar, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.
Direktoratet er òg usikre på om stortingsvedtaket skal tolkast som eit maksimalt tilskot på 15.000 kroner per båt, eller om dette er meint som eit gjennomsnittleg tilskot per båt.

– Bør dekkja båtvrak-innsamling

Direktoratet foreslår i eit til Klima- og miljødepartementet at tilskotsordninga i første omgang går til å dekkje kostnader ved innsamling og behandling av kasserte fritidsbåtar. For båteigaren betyr det at det i det minste blir gratis å levere båten, eller i alle fall mykje billegare enn å levere han ved eit avfallsmottak.
Stortinget vedtok i haust tilskotet for fritidsbåtar saman med nye vrakpantordningar for varebilar, bubilar, campingvogner og motorsyklar og mopedar som eit resultat av budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre og Frp og støttepartia KrF og Venstre.

– Treng avklaring

Miljødirektoratet meiner elles det er behov for å avklare fleire spørsmål rundt tilskotsordninga.
– Vi foreslår ei vidare utgreiing av denne løysinga for å etablere ei langsiktig brukarfinansiert ordning. Denne nye tilskotsordninga vil, uavhengig av eit slikt arbeid, bidra til å løyse dei utfordringane mange kommunar har i dag med etterlatne fritidsbåtar, seier Hambro.

Publisert: 24.01.2017 18:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42